Rundskriv frå Samferdselsdepartementet om lovendringar
Samferdselsdepartementet har 1. juli 2009 sendt ut eit rundskriv om endringar i yrkestransportlova og jernbanelova (tilsette i kollektivtransporten sine rettar ved bruk av konkurranse og andre lovendringar).
Rundskriv frå Samferdselsdepartementet om lovendringar
Samferdselsdepartementet har 1. juli 2009 sendt ut eit rundskriv om endringar i yrkestransportlova og jernbanelova (tilsette i kollektivtransporten sine rettar ved bruk av konkurranse og andre lovendringar).
I rundskrivet står m.a.:
Reglane om verksemdoverdraging skal gjelde ved bruk av konkurranse ved tildeling av kontrakt om plikt til offentleg teneste i innanlands kollektivtrafikk på veg, til sjøs og med jernbane.
Reglane i kapittel 16 §§ 16-2 til 16-7 i arbeidsmiljølova skal gjelde tilsvarande ved bruk av konkurranse ved tildeling av løyve etter yrkestransportlova og ved bruk av konkurranse om tildeling av avtale om persontransport med jernbane. Departementet gjer merksam på at reglane og vil gjelde der konkurransen fell inn under reglane om offentlege anskaffingar.
Med omgrepet ”tilsvarande” er meint at dei aktuelle reglane i arbeidsmiljølova skal gjelde fullt ut ved bruk av konkurranse ved tildeling av kontrakt til offentleg teneste. Teori og praksis knytt til arbeidsmiljøloven vil og vere avgjernade når desse reglane blir lagt til grunn etter yrkestransportlova og jernbanelova. Det er ikkje ønskeleg å skape særreglar på transportområdet, utover at virkeområdet blir utvida til og å gjelde overdraging etter konkurranse som ikkje er overdraging av verksemd etter reglane i § 6-1 i arbeidsmiljølova.
Reglane om overdraging av verksemd vil gjelde dei arbeidstakarane som er tilsette hos den som driv de aktuelle rutene som blir lyste ut på konkurranse. Ved fastsetting av kva arbeidstakarar som har rett til overføring av tilsetting er utgangspunktet for vurderinga om dei har si arbeidsmessige hovudtilknytning til den verksemda som blir konkurranseutsett. Dette gjeld både operativt og administrativt personell. Reglane gjeld berre når verksemda etter konkurransen blir driven med same type transportmiddel som tidlegare.
For å sørgje for så like vilkår for konkurransen som mogleg, skal lyvestyresmakt/oppdragsgjevar informere dei som vil delta i konkurransen, om dei tilsette i verksemda som blir konkurranseutsett. Dette gjeld for dei tilsette i den verksemda som no har løyvet knytt til den aktuelle rutetenesta, eller for den verksemda som driv den transporten oppdraget gjeld. Det skal gjevast informasjon om kor mange tilsette verksemda har, og om deira alder, ansiennitet og lønns- og arbeidsvilkår. Løyvestyresmakt/oppdragsgjevar kan krevje at noverande løyvehavar/operatør gjev styresmaktene dei aktuelle opplysningane.
Regelen om at den som får tildelt løyve gjennom konkurranse må forplikte seg til å sikre at dei tilsette som direkte arbeider med å oppfylle kontrakten, får lønns- og arbeidsvilkår som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale, eller det som elles er normalt for vedkommande stad og yrke, er ei vidareføring av tilsvarande regel frå forskrift om anbud i lokal rutetransport. Som følgje av dette vil departementet seinare kome tilbake med oppheving av § 4, fjerde ledd i forskrift om anbud i lokal rutetransport. Ordlyden i lova er tilpassa ordlyden i forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Regelen er ny innanfor jernbanesektoren.
Lovendringa på dette punkt gjeld frå 1. september 2009 slik at dei nye reglane vil gjelde for dei konkurransar som blir lyste ut etter denne dato. |