31.05.2013 ​ 
 ​Av Unio-leiar Anders Folkestad
 
Er kamp mot sosial dumping mindre viktig til sjøs? Det bør definitivt ikkje vere slik. I forslaget til ny skipsarbeidslov, Prop 115 L til behandling i Stortinget no, er det lagt rammer for å splitte funksjonar mellom reiarlag og formell arbeidsgjevar. Til sjøs blir det i så fall fritt fram å nytte bemanningsbyrå. Det inneber at Adecco i prinsippet kan bemanne alle skip under norsk flagg.
 
Denne type splitting av funksjonar er krevjande for arbeidslivet både på land og til sjøs.  Det var dette som skapte stormar i arbeidslivet då vikarbyrådirektivet blei diskutert.  Faren er at arbeidsgivaransvaret blir pulverisert. Arbeidstakaren veit i praksis ikkje kven arbeidsgjevaren er, slik at ein i praksis er vikar på eiga arbeidsplass. Dersom arbeidsgjevaransvaret er uklart, kan fleire aktørar vri seg unna vanlege plikter – enten det gjeld forhold til lovverk, avtalar eller daglege oppgåver. Dette er eit aukande problem både i sjøfarten og på land. Det trengst difor eit lovverk som strammar inn og tettar smutthol. Dette er særleg påtrengande til sjøs.
 
Splitting av arbeidsgjevarfunksjonar er i praksis fast regel i utanriksflåten. Dette gjeld ikkje berre den tradisjonelle langfarten, men også norskeigde eller -kontrollerte offshorereiarlag som opererer på norsk sokkel og andre lands soklar. I praksis er det minst tre selskap som utgjer eit reiarlag; det er eit skipseigande selskap, eit kommersielt reiarlageog eit crewingselskap. Sjøfolka blir tilsette i crewingselskapet. Det er ikkje uvanleg at det også er fleire ulike selskap, som igjen har splitta ulike delar av driftsfunksjonane seg imellom. Og, som kjent, det blir færre og færre norske sjøfolk i utanriksfart (NIS-flåten).
 
Fram til no har ein i innanriksfart, ferje- og lokalfarten, tilsett sjøfolk i det kommersielle reiarlaget. Vi ser no ei utvikling i retning av splitta funksjonar etter modell av utanriks skipsfart. Eit godt eksempel er Hurtigruta der reiarlaget nå er langt på veg med å dele opp slik at sjøfolka skal tilsettast i eit eige selskap utanfor det tradisjonelle driftsreiarlaget.
 
Dette inneber at det er crewingselskapet som er sjømannens formelle arbeidsgjevar. Problemet er at crewingselskapet oftast ikkje rår over kommersielle verdiar, økonomi eller avgjerdsmakt på dei driftsoperative vurderingane som er avgjerande for skipet som arbeidsplass. Den formelle arbeidsgjevaren kan i liten grad handtere vanleg arbeidsgjevaransvar – stillingsvern og andre forhold som er viktige for arbeidssituasjoen om bord.
 
Det er på dette grunnlag skipsarbeidslovutvalet (NOU 2012:18) har funne det naudsynt å foreslå at det skal innførast eit solidaransvar for reiarlaga. Dette er følgt opp av regjeringa i Prop 115 L. Det er i seg sjølv bra. Men det er eit avgrensa solidaransvar, som ikkje sikrar sjøfolk godt nok.
 
Etter forslaget skal reiarlaget sitt solidaransvar stoppe ved lønn, feriepengar, og nokre andre avgrensa økonomiske krav. Det inneber at andre krav mot arbeidsgivar som følgjer av tilsettingskontrakt eller anna rettsgrunnlag ikkje kan gjerast gjeldande.
 
Erstatningskrav i samband med til dømes oppseiing, diskriminering, varsling kan dermed ikkje krevjast av reiarlaget. Dette på tross av særtrekk i skipsfarten som at arbeidsgivar ikkje har instruksjonsrett på arbeidsplassen. Crewwingselskapet står berre for det formelle arbeidsgjevaransvaret. Årsakene til oppseiing vil dessutan ofte skuldast forhold i det driftsansvarlege reiarlaget, ikkje forhold hos crewingselskapet.
 
Fullt solidaransvar, slik arbeidstakarorganisasjonane har foreslått, kan førebygge den utholinga av stillingsvernet som splitting av arbeidsgivarfunksjonar fører til. Det vil også representere ei oppmoding til reiarlaga om å respektere reglane og berre velje seriøse crewingselskap. Det er viktig for å sikre norske arbeidsvilkår, og motverke innslag av sosial dumping, for tilsette om bord. Dette er igjen viktig for å sikre at vi har norske sjøfolk med den nødvendige kompetansen. Vi treng solide norske reiarlag som tenker langsiktig.
 
Vi ventar i alle fall at Regjering og Storting tar ansvar og syter for trygge tilsettingsvilkår både på sjø og land.